Julaminne

- fra mellomkrigsårene. Av Elias Fondenes, Kolbeinsvik

 

Da er eit julaminne som kjem for meg no som da lir mot jul. Det handlar om slik me hadde det heime hos oss.

 

Me hadde bala med homrateinene heile hausten i all slags vær. Det var berre færingen som vart brukt. Den gong var det ingen som hadde motorbåt, så det var mykje slet. Teinene hadde me tatt på land, og det var ei nokenlunde roleg tid. Uværsriene hadde gjort reint tre og buskar for lauv, og det var begynt å verta ein og annan dagen med litt frost og snø. Det kunne no vera ein 14 dags tid før jul at mor sa: "De guta får ta og hiva ut nokre teiner slik at de får litt julahommar og kan kjøpa litt knask til jul". Det var gjort. Det vart ikkje så store fangsten, men me fekk nokre homra som me leverte i Bekkjarvik nokre dagar før jul. 

 

Det vart eit enkelt valg kva me skulle bruka pengane til; det var litt appelsiner, nokre eple og gjedna litt fiken oppi ein pose. Så vart det gjerna kjøpt nokre julakule (pynt) og litt kulørt papir som me laga julepunt av. Det var ein vanleg måte å lage juletrepynt av papir; lenkjer og korgar som vart limt saman med kveitemjølslim. Då sat me heile ongaflokken rundt stovebordet og klypte og limte langt utover kveldane.

 

Den gongen var ikkje jula tatt på forskudd. Først tett oppunder jul starta forberedelsane. Me trong heller ikkje så mykje tid, for det var ikkje så mykje å kjøpa for. Alt måtte gjerast på enklaste og billigaste måten.

 

Etter jul, stod sildefisket for tur. I mellomkrigsårene hendte det at silda inntok gytefeltene allerede i begynnelsen av januar. Foto av "Alkana" utlånt av Harald Hausken.

*

Til fiskeri.no

*

vintdriv.JPG (31947 byte)

Vinterminne fra Fedje. Bjellandfabrikken under bygging. Foto: Georg Tangen

 

fisk, fiskeutstyr, båter, sildefiske, ekkolodd, historie, kystkultur