Årsmøtet 1984
Formann i Brugdefangerlaget, Magnus Oen, holdt følgende åpningstalen på årsmøte for 1984. Språkbruken er derfor av muntlig karakter.

 

"Det er vel slik at når ein år etter år skal stå her og ta eit lite oversyn over sesongen som har gått, så kan det vel hende at disse opningstalane blir vel nokså ensformige. For dei siste åra så har vel sesongane utvikla seg ganske likt, og det kan vel då henda at disse ord som vert sagt ved disse opningane og går mykje i same leid, år etter år.

Men likevel, me skal sjå litt tilbake på sesongen i år og, og då kan me vel seie at sjølv om sluttkvantumet blei litt bedre enn i fjor, så må det nok betraktas som eit heller dårleg resultat, samanlikna då med for ikkje så mange år tilbake då ein gjennomsnittssesong låg på ca. det doble i kvantum.

 

Fangstinga tok til på nokolunde same tid so i fjor i førstninga av mai på felta fra Tampen og nordover til Haltenbanken og Garsolbanken. På felta Vesterålen - Finnmark trur eg det ikkje var nevneverdig fangsting i år, bortsett frå eit par båtar som kom frå disse felt med nokre få fiskar. I Nordsjøområdet som før var rekna for å vere eit svært godt fangstfelt kom det vel ikkje fangst frå i år. I tilfelle så var det nok heilt minimalt. På felta ved Irland var det tre båtar som deltok, og ein får vel seie at dei fekk brukande turar. Men og på disse felt ser det ut for å bli vanskeligare år for år. Kva årsaka kan vere skal eg ikkje gje meg ut på noko spådom om, men eg har berre konstatert at dei gode brugdesesongane som me hadde før ikkje har eksistert dei siste åra; hverken når det gjeld fangsting eller værforhold. Det siste - værforholda - har både i år og dei siste åra vore svært ugunstige ute på havet for brugdefangst. Det er jo slik at det må vere spesielt fint ver til brugdefangst, og mens så å seie alle andre fiske kan utføre sitt virke, så må brugdefangarane ligge still. Dette er jo og ein av årsakene til at brugdefiske er så sjansebetont som det er.

 

Deltakelsen har vore så nokolunde den same som i fleire år, og det ser ut for at den har stabilisert seg på mellom 20 og 30 båt. Korleis det vil utvikle seg vidare, er ikkje godt å seie, men brugdefiske er eit gammalt fiske på Norskekysten, og i historien kan ein følge det tilbake flerie hundre år. Det som nok kjem til å avgjere om brugdefiske skal følge med inn i framtida, er om det økonomiske utbyttet blir slik at det er nokon som kan arbeide med det. Dette er nok ikkje spesielt for brugdefiske, men det er nok generelt for all slags fiske, og her er det mange faktorar som spelar inn. Det er vær og vind, ressursar i havet, prisutvikling; men det aller viktigaste blir vel koleis fiakarane sitt økonomiske utbytte står i forhold til det lønns- og prisnivå som forøvrig til kvar tid råder i vårt samfunn. Me har ein dyktig og sterk fagorganisasjon, og me får berre håpa at dei vil - saman med våre politiske myndigheter - ivareta fiskarane og dermed også folket på kysten sine interesser på ein slik måte at fiskeriet framleis vert ei næring i vårt land. Og då trur eg og at brugdefiske vil få ei framtid, sjølv om det i øyeblikket ikkje ser så lyst ut.

 

Når det gjeld prisen i år, så kan ein vel seie at prisen til fiskar kom vel ut med nokolunde det same som i fjor - totalt sett då - på grunn av at ein fekk noko betre pris på tranen i år. Det som var skuffande i år, var pristilskuddet. Eg har vel sagt det før og; at uten pristilskudd så kunne det ikkje vore drive noko brugdefsike, og det er nok ikkje spesielt for brugdefiske, men det gjeld nok stort sett all slags fiskeri. Tidlegare år har me fått våre tilskudd separat til vårt lag og vårt fiske, men i fjor blei det slått saman med håbrand og størje, og dette skapte store problem for oss og dei andre to partane. Me ba både skrifteleg og muntleg frå samtlige lag om at me måtte i år få det tildelt separat til kvart lag slik som før, men me vart ikkje høyrt i år heller, og resultatet kjenner de jo til. Med berre ein skikkeleg fangstdag til i år, så hadde pristiskuddet for samtlige lag blitt minimalt per kilo.

 

Dette må nok våre eigne forhandlarar - Norges Fiskarlag - ta hovudansvaret for, og eg vonar at dei for komande år vil imøtekome vårt ynskje, og innsjå dei problem som samanslåinga disse to år har skapt. Ein får berre håpa at både det som foregår ute i havet og det som skal foregå på land i forbindelse med fiske kan utvikle seg i meir positiv lei enn kva det har gjort dei siste åra. Med disse ord seie eg årsmøtet 1984 for åpna."

 

Til "Alt om brugde og brugdefangst"          Til fiskeri.no

 

website counter